Rom
I 2.etasje i hovedhuset har vi 4 rom med god standard. Vi har to twin rom med privat bad med dusj og WC og eitt 2-sengsrom og eitt enkeltrom med delt dusj og WC. Dobbeltromma med privat bad har òg smart -TV.
Romma med felles dusj og WC i gangen, har handvask på rommet. Romma vart renovert i perioden 2015 - 2018. Alle rom har gratis trådlaust internett. Frå romma er det enten flott utsikt mot Kjøsnesfjorden eller utsikt mot tunet, fjella og breen.
Vi har i tillegg 2 twin- rom med delt WC og dusj i ei eldre sperrestove. Desse romma har eigen inngang. Gjestar i desse romma kan bruke felles WC og dusj i gangen ved resepsjonen eller i felles sanitærbygg ved hyttene. Desse romma har utsikt mot tunet eller fjella.
For tilbereding av måltid kan gjestar bruke eit felleskjøkken der det er komfyr, mikrobølgeovn, kaffetrakter og elles vanleg servise, bestikk og kjøkkenreiskaper. Dette felleskjøkkenet er i nærleiken av hyttene.
Det er òg tilgang til vaskemaskin ved hyttene.
I desse romma er det ikkje tillatt med kjæledyr.
Booking
Aktivitetar
Overnattar du på Lunde Turiststasjon har du eit flott utgangspunkt for å nå mange attraksjonar.
Du har også mange aktivitetar du kan gjere både på området og i nærleiken av oss: