Gå Lundeskaret - overnatt på Lunde Turistasjon


Rett ovanfor Lunde Turiststasjon ligg ein klassikar av ein fjelltur

Turen opp Lundeskaret vart starta opparbeidd allereie i 1906. Stien er den brattaste opparbeidde, DNT-merka stien i heile landet. I 2017 vart stien rydda av nepalske sherpaer, og stien er no trygg og godt tilrettelagt med trapper og wire å halde seg i på dei brattaste partia. Frå toppen av Lundeskaret kan du gå vidare i fleire ulike retningar. Toppane Tverrfjellet og Søgnesandsnipa er flotte utkikkspunkt.

Lundeskaret er mykje meir enn ein fjelltur. Ruta opp skaret inst inne i Kjøsnesfjorden var først nytta som ferdselsveg for folk og husdyr. Etterpå kom breføringa frå Lunde Turiststasjon, og fjellturistane fekk oppleve fjellplatået med utsikt til Marabreen, ein brearm av Jostedalsbreen. 

Då stien vart opparbeidd i 1906, var det eit arbeid som utgjorde heile 800 dagsverk. Prisen for arbeidet kom på 800 kroner! Det var oldefar til dagens vertskap på Lunde turistasjon som starta opp med guida turar opp Lundeskaret.

Tur til Lundeskaret + overnatting på Lunde Turistasjon

Etter ei fantastisk naturoppleving med vill og vakker Vestlandsnatur er det godt å kome tilbake til Lunde turiststasjon og eit avslappande massasjebad med utsikt over Kjøsnesfjorden.

Sjå våre overnattingsalternativ og book opphald på Lunde Turiststasjon.