Historie

Vekkgøymd og sentral
Lengst i nord gjer det lange, fagre Jølstravatnet ein brå sving rett mot aust og skjer seg ein mils veg innetter mot fjell og bre. Kjøsnesfjorden er namnet på denne vakre armen av Jølstravatnet. På begge sider stuper tusen meter høge, blankslipa fjell beint i vatnet, og ikkje langt innanfor vassenden står endå ein høgreist bergvegg og hindrar tilsynelatande alt levande i å klatre opp til breen bak blånane. Frå vatnet og ein liten kilometer inn mot foten av fjellet skrånar tilgrodde grusbakkar jamt oppover. Og her, i brattlendet mellom ei fossande elv og ein reinskura fjellvegg, har garden klora seg fast, ein gard som seinare vart delt i to bruk. Lunde heiter plassen, og staden er velkjend for alle som har vandra ein del på Jostedalsbreen!

( Frå boka "Jostedalsbreen" av Oddgeir Bruaset)


Så tidleg som på slutten av 1800 talet starta turisttrafikken opp på Lunde. Andreas Lunde starta då opp med breføring.

på veg til fjells11.jpg

Seinare var det sonen hans, Anders Lunde som blei Patentførar for den Norske Turistforeninga.


turistskyss11.jpg
Sundag 26 august 1934
”Tur frå Lunde til Kvitevardane og attende. Eineståande veir, hærlig natur med patentførar A. Lunde kjenner ein seg trygg både i fjellet og på bræen, og vi er skuldig han stor takk for den omsorg og hjelp som han viste på turen. Eg vil anbefale denne turen til alle som måtte ha høve til ein fjelltur.
— Takk for turen, Lunde!" Frå gjesteboka på Lunde Turiststasjon
turistskyss11.jpg

Turisme, saman med gardsdrift, har difor vorte
ein tradisjon på Lunde Turiststasjon.