Fotturar

I Jølster har du mange turmoglegheiter, frå enkle familieturar til turar som krev god fysisk form. Dei fleste turane i Jølster fører deg opp på fjellet og du får eit flott utsyn over Jølster, Jølstravatnet, fjella og breen rundt.

Turhefte/ turkart
Jølster Kommune har laga eit turhefte med flotte skildringar av 17 turområde i Jølster. Dette heftet vert delt ut gratis.

Vi sel turkart over Jølster til kr. 149,-

Ruta Lunde - Fjærland
Ei av dei klassiske rutene over Jostedalsbreen er overgangen mellom Lunde i Jølster og Bøyadalen i Fjærland. Frå Lunde tek ruta av frå riksvegen like ved tunnelopninga og går litt innover dalen, så bratt opp Lundeskaret. Først svingar stien opp på austsida av Skarsgrova, så kryssar ruta elva nedanfor to svære steinblokke: Storalteret og Veslealteret. I 1903 fekk Andreas Lunde stønad av Den Norske Turisforening til å sprenge hyller i fjellet og sikre oppgangen med boltar og streng. Så la han deler av stien i trapper. 53 trinn var det på 1930- talet. Etter den bratte stigninga flatar terrenget ut i 1000 meters høgde og ruta går i slakkare lende nord for Trollevatnet og over Marabreen til det høgste punktet ved Kvitevardane, 1445 moh. Vegen ned til Fjærland er ein jamn og bratt nedgang på vel 1300 meter til Bøyastølen.

(Utdrag frå boka "Jostedalsbreen - vandringar i nasjonalparken" av Erik Solheim)

Vi tilrår: