Lundeskaret- den klassiske fjellturen i Jølster!

Vi på Lunde Turiststasjon er oppvaksne med historiene og naturen i Lundeskaret. Difor betyr også plassen og fjella rundt oss her i Kjøsnesfjorden mykje for oss. Oldefaren til Atle starta opp med breføring på 1800- talet og sidan har Lunde Turiststasjon vore eit naturleg utgangspunkt og endepunkt for dei som går over breen.

Utsikt mot Lundeskaret og Kjøsnesfjorden i Jølster.

Utsikt mot Lundeskaret og Kjøsnesfjorden i Jølster.

Tidene har forandra seg og vegen til Fjærland blei ferdig i 1986. Då vart startpunktet på turen flytta inn ved opninga av Fjærlandstunnelen.
Vi tok ein tur opp Lundeskaret sist veke og ynskjer her å vise nokre bilete frå denne turen, og fortelje litt om stien, som no er fri for snø og is.

Vegen startar på venstre side av Fjærlandstunnelen

Vegen startar på venstre side av Fjærlandstunnelen

" Oppstigninga fra Lunde virker uframkommelig når man ser den nedenfra, men stien er trygg nok, selv om den slynger seg langs stup og under truende hamrer" Norvald Tveit, Vi Menn i 1961

"Skarholten"

"Skarholten"

Bilete over er tatt frå "Skarholten", her må ein krysse gjølet og fortsetje på høgre sida. Fonna ligg som oftast her til ut Juni månad, då bør ein ha isøks om ein vil krysse. Mange har prøvd å forsetje rett opp utan å krysse, det har sjeldan eller aldri vore velukka!

Lundeskaret.

Lundeskaret.

Dette bilete er tatt der vi seier at "vi går ut i fjellet". Her startar det brattaste partiet på turen, der ein går i nokre skårer i fjellet. Det er godt sikra og bygd god sti i dette partiet. Utsikta er fantastisk mot Lundebreen og lenger nede ser ein "storalteret" til venstre og "Lisjealteret" nede ved fonna i gjølet.

Steintrapp

Steintrapp

"veien snor seg i slynger oppover, forbi framspring og langs trange, bratte kløfter hvor man med statens bistand har laget trappetrinn. På de verste stedene er det lagt løypestreng til å holde seg i." Norvald Tveit, Vi Menn 1961

I 1906 ga turistforeningen midlar til å ruste opp det som enno er Norges brattaste merka DNT- sti. Denne steintrappa blei då bygd. I 2015 og 2016 har Sherpaer frå Nepal jobba med å utbetre og vedlikehalde stien. Løypestrengen er stort sett bytta ut med tjukk wire. Dette arbeidet er no avsluttet og stien er betre enn nokon gong.

Utsikten frå toppen.

Utsikten frå toppen.

Utsikten frå toppen er upåklageleg, men han freistar nok ikkje dei med høgdeskrekk til å starte på nedstigninga. Då er alternativet å gå til Fjærland, Søgnesand eller Haukedalen. 

Sprek gjeng på kveldstur.

Sprek gjeng på kveldstur.

Då vi skulle gå ned igjen Lundeskaret, trefte vi på denne spreke gjengen. Dei hadde tatt seg ein tur opp etter arbeidstid, og ville vidare innover fjellet for å nyte denne flotte sommarkvelden.

DNT har òg i år fellesturar opp Lundeskaret.
Laurdag 11.august går dei turen Lunde - Fjærland, og sundag 19.august går Barnas Turlag opp Lundeskaret.

Så vi vonar at fleire ynskjer å gå opp Lundeskaret i sommar. Det er ein fin tur, men vi anbefalar å gå når det er opphaldsvær. Det er også lurt å ha gode sko og klebyte med seg, då veret kan skifte fort og toppen av Lundeskaret ligg på nærare 1000 moh.

 God tur!