Røykstove


På garden Lunde i Jølster har vi ei godt bevart røykstove som vart flytta hit i 1869. Det er usikkert kor gammal stova eigentleg er. Røykstova som gjestene brukte for hundre år sidan, er i bruk på turiststasjonen også i dag. Her andar det av brekultur. Mang ein bretur har vorte planlagt her og trøytte og slitne brevandrarar har fått husrom.


Røykstova kan leigast av grupper inntil 15 personar til møter og selskap.
Pris: kr 100,- pr. person inkl. kaffi/ te (minimumspris kr. 800,-)

Pris m/ servering: kr 140,- pr. person inkl. kaffi/ te (minimumspris kr. 1120,-) + aktuell mat.
Pr. d.d. nyttar vi catering frå lokale leverandørar.

Kulturformidling munnleg / film på førespurnad.