Selskap


Grindverkslåven

 

I 2010 flytta vi ein gamal grindverkslåve frå Skei til Lunde Turiststasjon. Denne grindverkslåven husar no rodeo- oksen vår i tillegg til å vere eit flott selskapslokale. Vi leiger ut grindverkslåven til selskap/ møter/ kurs m.m. 

Ved låven er det flott utsikt utover Kjøsnesfjorden.

De kan ta med den maten de ynskjer sjølv, eller vi kan ordne med catering etter dykkar ynskje.
Det er sitjeplassar til 48 personar, men ved behov kan ein få plass til fleire.

Lokalet er det utstyrt med projektor, lerret og trådlaust internett. Utanfor låven er det bålpanne og grillar tilgjengeleg og nokre sitjeplassar under tak.

I grindverkslåven vår er det ikkje tillete å nyte alkohol.

Pris:
Kr. 100,- per. person inkl. kaffi/te.

Pris m/ servering: 
Kr 140,- pr. person inkl. kaffi/ te  + aktuell mat. 
Pr. d.d. nyttar vi catering frå lokale leverandørar.

Kulturformidling munnleg / film på førespurnad.


Røykstova

På garden Lunde i Jølster har vi ei godt bevart røykstove som vart flytta hit i 1869. 
Denne røykstova kan leigast av grupper på inntil 15 personar til møter og selskap.
 

Pris: kr 100,- pr. person inkl. kaffi/ te


Pris m/ servering: kr 140,- pr. person inkl. kaffi/ te  + aktuell mat. 
Pr. d.d. nyttar vi catering frå lokale leverandørar.

Kulturformidling munnleg / film på førespurnad.


Gapahuken

Gapahuken brukar vi i samband med ein del av utandørsaktivitetane våre, men vi leiger gapahuken òg ut til grupper på opp til 20 personar. Det er bord og benkar under tak med grill tilgjengeleg og det er fin utsikt utover Kjøsnesfjorden.

Her er det tillete å nyte medbrakt alkohol.

Pris:
Kr. 50,- pr. person.


Grillhytta

Vår koselege grillhytte ligg idyllisk til ved Lundeelva og fossen like ved badestampen. Det er open grill i midten og plass til inntil 15 personar. Grillhytta kan brukast heile året og det er varmekablar i golvet. Dersom de ynskjer det, kan vi bestille grillmat frå lokal leverandør, som er klar til å leggjast på grillen.

Pris:
Kr. 500,- inkl. grillkol/ tennvæske