Garden Lunde ligg inst i Kjøsnesfjorden i Jølster kommune. I tillegg til gardsdrifta har det vore turiststasjon sidan slutten av 1800- talet.
Det er no 4. generasjon som driv garden Lunde og Lunde Turiststasjon; Atle Lunde og Linda Furre Lunde.
Vi kan tilby 40 sengeplassar i hytter, rom og leilegheiter i sommarhalvåret, og 20 sengerplassar elles i året, i tillegg til mange spennande aktivitetar.

Dersom ein følgjer gamlevegen frå tunet ca. 1 km, så er ein raskt nede ved vatnet. Der kan ein fiske frå land eller leige båt og ha ein fin dag ute på Kjøsnesfjorden. Vi sel fiskekort for Jølster jakt - og fiskelag og leiger ut båt med og utan motor.
Å bade i Kjøsnesfjorden vil vere svært forfriskande, då vatnet stadig får påfyll av smeltevatn frå Lundebreen.

Lunde Turiststasjon har fleire uteområde som våre gjestar kan nytte under opphaldet.
I hagen på tunet er det benkar og bord i tillegg til eit lite lysthus. Du kan òg sitje utanfor grindverkslåven og nyte utsikta over Kjøsnesfjorden.
Her er det bålpanne og høve til å grille. Vi sel grillkol i resepsjonen dersom du treng det. 
Ved fossen er det òg nokre benkar ved eit steinbord.
I resepsjonen kan du låne utstyr til nokre uteaktivitetar for borna.

I grindverkslåven har vi utstilt fleire gamle JoBu motorsager i tillegg til nokre gamle landbruksreiskaper.