Eit inspirerande besøk!

Ein hektisk sommar og haustsesong har gått over til minusgrader og meir sporadisk besøk frå omverda her på Lunde Turiststasjon.

Snøen har kome nærmare og det er snart klart for toppturar til dei majestetiske fjella som omkransar bygda vår. Dei mest entusiastiske har allereie testa føreforholda og ein får stadige rapportar om at det er gode forhold berre ein kjem høgt nok.

Dette er slik vi er blitt vande med dei seinare åra, toppturar på telemark og randonnè har nærast eksplodert, og sosiale media flaumer over av bilete og film frå slike turar.

Lars og Maria framfor Lunde Turiststasjon Foto: Atle Lunde

Lars og Maria framfor Lunde Turiststasjon Foto: Atle Lunde

Men det finst òg andre moglegheiter i den nordiske vintertida!
Førre helg hadde vi gleda av å få besøk av eit par frå Sverige, Lars Petterson og Maria Lindquist. Dei hadde vore her for eit par år sidan, og det gav meirsmak for ein ny tur.

Det er islagde vatn og sjø som freistar, jau visst har dei slikt i Sverige òg, men kombinasjonen med landskapet i Noreg gjer opplevinga så spesiell, kan dei fortelje.

Lars i fint driv framfor Austerdalsbreen Foto: Lars/ Marie

Lars i fint driv framfor Austerdalsbreen Foto: Lars/ Marie

Vi forstod raskt at dette er noko dei har greie på, og har stor erfaring med. Det å ferdast på islagde vatn, og då gjerne rimeleg nylagd is krev mykje kunnskap og planlegging. Dette er det ingen tvil om at dei har, og dei bruker fritida si til å reise rundt å skøyte når forholda er gode. Filmar frå dei flotte turane blir lagt ut på youtube, slik at folk kan sjå kor fantastisk det kan vere ein helt vanleg dag, berre du har ein blank is og nyslipte skøyter!

Det er veldig inspirerande å få møte slike folk som ser mogelegheiter i ting vi tek for gitt, og som vi ikkje tenkjer over at kan vere av så stor interesse.

Stålis på Sandalsvatnet i Breim Foto: Lars/Marie

Stålis på Sandalsvatnet i Breim Foto: Lars/Marie

Dei er medlemmer i Göteborgs Långfärdsskridskoklubb og Friluftsfrämjandet i Strömstad/Tanum, der dei i lag med andre skøyte-entusiastar finn fram skøytene så snart isen vert trygg. Dei har i fleire år reist rundt i Norge og oppsøkt vatn som til dømes Styggevatnet i Jostedalen, Lustrafjorden, Fleire vatn i Jotunheimen, Hardangervidda, Sandalen i Breim og mange fleire.

Interesse for turskøyting er aukande i Noreg, forteller Maria, fleire klubber og foreninger vert danna og dei melder seg inn i Skridskonätet, ein svensk idealistisk foreining der dei tilslutta foreiningane deler informasjon om isforhold. Denne organisasjonen arrangerer iskongress anna kvart år og i 2019 vil den bli arrangert i Noreg, nærare bestemt Sørmarka syd for Oslo. 
På sommaren reiser dei rundt og padlar på desse vatna og legg planar for korleis dei skal få gått på skøyter når isforholda er gode. Då bruker dei gjerne internett og undersøker satellitt-bilete slik at dei ser når tid isen har lagt seg. Sikkerheita er veldig viktig fortel dei, det er alltid minst 2 i lag, piggstavar vert brukt for å sjekke isen jamnleg, ispiggar og kasteline er sjølvsagt utstyr samt turre kleder om uhellet skulle vere ute.

Sjøis i Bygstad, Kvamshesten speglar seg i isen. Foto: Lars/Marie

Sjøis i Bygstad, Kvamshesten speglar seg i isen. Foto: Lars/Marie

Dei kom frå blank stålis på Hafslovatnet til oss. Laurdagen var det sjøisen i Bygstad som blei testa og sundagen, Storevatnet i Gjengedalen. Etter filmane og bileta å dømme, var forholda upåklageleg alle plassane.
Ein av draumane deira er å få gå på Kjøsnesfjorden, og det vonar vi dei får oppleve. Vi skal i alle fall gje melding til Sverige så snart det vert gode forhold. Om det vert i år, neste år eller lenger til, veit vi ikkje, men vi har slipt skøytene våre og er klare når dagen kjem!

På Storevatnet i Hyen fann dei draumeforhold. Foto: Lars/Marie

På Storevatnet i Hyen fann dei draumeforhold. Foto: Lars/Marie