Fiskefeber i Jølster!

Det nærmar seg årets aurefiskefest i Jølster! Lunde Turiststasjon har framleis ledig overnatting. Då vi tok oss ein tur rundt Kjøsnesfjorden for eit par dagar sidan, var det mykje folk ute og testa fiskelukka, og for å prøve ut ulike slukar og krokar. Fisken var villeg til å bite og fleire flotte jølstraaurer fann vegen til ei fresande steikepanne denne flotte sommarkvelden.

Denne karen sto ved Lundeelva inst i Kjøsnesfjorden og drog på land fleire blanke, flotte aurer på den korte stunda vi var der. Det er gode vermeldingar for helga og vi oppfordrar folk til å ta turen til Jølster og delta på årets fiskefest.  Kanskje vinn akkurat du hovudpremien og kan køyre ein ny Volvo heim igjen!