Lundeskaret- den klassiske fjellturen i Jølster!

Vi på Lunde Turiststasjon er oppvaksne med historiene og naturen i Lundeskaret. Difor betyr også plassen og fjella rundt oss her i Kjøsnesfjorden mykje for oss. Oldefaren til Atle starta opp med breføring på 1800- talet og sidan har Lunde Turiststasjon vore eit naturleg utgangspunkt og endepunkt for dei som går over breen.

 Utsikt mot Lundeskaret og Kjøsnesfjorden i Jølster.

Utsikt mot Lundeskaret og Kjøsnesfjorden i Jølster.

Tidene har forandra seg og vegen til Fjærland blei ferdig i 1986. Då vart startpunktet på turen flytta inn ved opninga av Fjærlandstunnelen.
Vi tok ein tur opp Lundeskaret sist veke og ynskjer her å vise nokre bilete frå denne turen, og fortelje litt om stien, som no er fri for snø og is.

 Vegen startar på venstre side av Fjærlandstunnelen

Vegen startar på venstre side av Fjærlandstunnelen

" Oppstigninga fra Lunde virker uframkommelig når man ser den nedenfra, men stien er trygg nok, selv om den slynger seg langs stup og under truende hamrer" Norvald Tveit, Vi Menn i 1961

 "Skarholten"

"Skarholten"

Bilete over er tatt frå "Skarholten", her må ein krysse gjølet og fortsetje på høgre sida. Fonna ligg som oftast her til ut Juni månad, då bør ein ha isøks om ein vil krysse. Mange har prøvd å forsetje rett opp utan å krysse, det har sjeldan eller aldri vore velukka!

 Lundeskaret.

Lundeskaret.

Dette bilete er tatt der vi seier at "vi går ut i fjellet". Her startar det brattaste partiet på turen, der ein går i nokre skårer i fjellet. Det er godt sikra og bygd god sti i dette partiet. Utsikta er fantastisk mot Lundebreen og lenger nede ser ein "storalteret" til venstre og "Lisjealteret" nede ved fonna i gjølet.

 Steintrapp

Steintrapp

"veien snor seg i slynger oppover, forbi framspring og langs trange, bratte kløfter hvor man med statens bistand har laget trappetrinn. På de verste stedene er det lagt løypestreng til å holde seg i." Norvald Tveit, Vi Menn 1961

I 1906 ga turistforeningen midlar til å ruste opp det som enno er Norges brattaste merka DNT- sti. Denne steintrappa blei då bygd. I 2015 og 2016 har Sherpaer frå Nepal jobba med å utbetre og vedlikehalde stien. Løypestrengen er stort sett bytta ut med tjukk wire. Dette arbeidet er no avsluttet og stien er betre enn nokon gong.

 Utsikten frå toppen.

Utsikten frå toppen.

Utsikten frå toppen er upåklageleg, men han freistar nok ikkje dei med høgdeskrekk til å starte på nedstigninga. Då er alternativet å gå til Fjærland, Søgnesand eller Haukedalen. 

 Sprek gjeng på kveldstur.

Sprek gjeng på kveldstur.

Då vi skulle gå ned igjen Lundeskaret, trefte vi på denne spreke gjengen. Dei hadde tatt seg ein tur opp etter arbeidstid, og ville vidare innover fjellet for å nyte denne flotte sommarkvelden.

DNT har òg i år fellesturar opp Lundeskaret.
Laurdag 11.august går dei turen Lunde - Fjærland, og sundag 19.august går Barnas Turlag opp Lundeskaret.

Så vi vonar at fleire ynskjer å gå opp Lundeskaret i sommar. Det er ein fin tur, men vi anbefalar å gå når det er opphaldsvær. Det er også lurt å ha gode sko og klebyte med seg, då veret kan skifte fort og toppen av Lundeskaret ligg på nærare 1000 moh.

 God tur!

Oterfiske i Kjøsnesfjorden, Jølster

Dei siste åra har denne kameratgjengen vore faste gjestar hjå oss. Dette er dyktige fiskarar som set pris på eit godt aurevatn og nydeleg natur.

Denne veka brukte dei for det meste oterfjøla når dei fiska ut i dei seine kveldstimane, og fangsten stod til forventningane. Det vart rapportert om mykje fisk og med veldig bra størrelse. Vi kan med sikkerheit seie at otersesongen i Kjøsnesfjorden har begynt!

Her hjå oss kan alle få leige båt, om de bur her, eller berre vil ha ein fin kveld på "fjorden".
Det er tillete med oterfiske i Jølstravatnet frå 1.juni til 10. august. 

Velkommen skal de vere!

 Her er fiskarane komne i land etter ei god kveldsøkt og held på med sløying av dagens fangst.

Her er fiskarane komne i land etter ei god kveldsøkt og held på med sløying av dagens fangst.

Ta kontakt på lunde@turiststasjon.no om de ynskjer å leige båt!

Utleige av kajakk, båt og kano.

 

Vi har 2 kajakkar, 2 båtar og 1 kano til utleige. Det er no meldt godt ver den neste veka og det vil vere nydelege forhold for padling i Kjøsnesfjorden.

Den kjensla det er å gli lydlaust avstad langs strendene inst i Kjøsnesfjorden let seg ikkje beskrive med ord, det må opplevast. Du vil garantert få sjå Jølstraaure som vakar og er du ute ein sommarkveld er sjansen for å sjå hjort også stor. Dei beitar i frodige lier langs fjorden og held eit vakent blikk mot alt som rører seg i terrenget rundt.

Padler Web signert.jpg

Dei to kajakkane vi har, er av merke SeaBird og heiter "Ranchero" Dette er beskrivelsen av dei:

"Ranchero 12 er en innovativ ny all-round hybridkajakk som kombinerer fordelene fra sit-in og sit-on-top kajakker. Den ekstremt store og romslige cockpit-åpningen, kombinert med et svært komfortabelt sete, tilbyr ekstremt komfortable padleturer. Den kompakte størrelsen med stor lagringsplass og god manøvrerbarhet gjør Ranchero 12 til et morsomt valg for kystpadling, fiske og innlandspadling. Ranchero 12 er i tillegg en ekstremt stødig kajakk. Alle kan padle denne kajakken!"

Kanoen er norskprodusert av merke "Hasle" og har plass til 3 personer.

Ta kontakt for leige/ spørsmål om kajakk, båt og kano: lunde@turiststasjon.no

 

Flugefiske i Kjøsnesfjorden

Bjarne Huseklepp svingar flugestanga i Lundeelva 18/6 2018.
Kjøsnesfjorden er ei oppleving med eller utan fiskestong, i sol eller på ein litt regntung kveld. Lyset og fargane skiftar, men dei høge fjella står der majestetisk og omkransar bregrønt vatn.

Fiske i Jølster

No nærmar det seg tida for flugefiske, vi har framleis ledige hytter i sommar. Ta kontakt på epost lunde@turiststasjon.no

Fiskefeber i Jølster!

Det nærmar seg årets aurefiskefest i Jølster! Lunde Turiststasjon har framleis ledig overnatting. Då vi tok oss ein tur rundt Kjøsnesfjorden for eit par dagar sidan, var det mykje folk ute og testa fiskelukka, og for å prøve ut ulike slukar og krokar. Fisken var villeg til å bite og fleire flotte jølstraaurer fann vegen til ei fresande steikepanne denne flotte sommarkvelden.

Denne karen sto ved Lundeelva inst i Kjøsnesfjorden og drog på land fleire blanke, flotte aurer på den korte stunda vi var der. Det er gode vermeldingar for helga og vi oppfordrar folk til å ta turen til Jølster og delta på årets fiskefest.  Kanskje vinn akkurat du hovudpremien og kan køyre ein ny Volvo heim igjen!

Bilen er klar - er du?

JØLSTER AUREFEST

Ei av årets store hendingar, Jølster Aurefest, går av stabelen 10. - 12. juni.
Fiskekonkurransen er laurdag 11. juni og påmeldinga er allereie starta, sjå www.jolsteraurefest.no
Vi har framleis ledig overnatting i fleire kategoriar, rom, hytter og leilegheiter. 

Hjå oss får du god og rimeleg overnatting i storslått natur, med Lundebreen i aust og omkransa av mektige fjell. Ein liten spasertur unna ligg Kjøsnesfjorden, der du kan teste fiskelykka slik at du er heilt klar når konkurransen tek til. Vi leiger òg ut båt m/u motor.

Ta kontakt på tlf. 41 55 33 35 eller lunde@turiststasjon.no.

DANSEGALLA - TILBOD

Det nærmar seg pinse og årets Dansegalla på Fjøsen på Skei.
Vi har eit knalltilbod på overnatting 3 døgn i dobbeltrom:    Kr.  1.600,-  (fredag 13. - mandag 16.mai)

Tilbodet inkluderer:
Overnatting for 2 personar i dobbeltrom i 3 døgn.
Rommet har eige bad med WC/ dusj, og tilgang til eit godt utstyrt felleskjøkken der du kan tilberede måltid.
Gratis 1 time i utandørs massasjebad for 2 personar.
Det er gratis WiFi.

Tilbodet kan berre bestillast på tlf 41 55 33 35 eller på epost til lunde@turiststasjon.no
Få rom tilgjengeleg - så ver rask!