Attraksjonar

Haugabreen foto: Per Magne Bakke

Bre og Fjell
Haugabreen er ein lett tilgjengeleg brearm i Jostedalsbreen nasjonalpark. På turen inn mot breen fortel føraren om breen si rolle i utforminga av landskapet og om lokal brehistorie. Møtet med dei glinsande iskrystallane tilpassar vi etter gruppa sine ønskjer og føresetnadar, slik at alle får ein minnerik tur!

www.breogfjell.no

Norsk Bremuseum/ Gaute D. Bøyum

Norsk Bremuseum
Føremålet med Norsk Bremuseum er å samle, skape og spreie kunnskap om brear og klima. Stiftinga si verksemd omfattar naturvitskaplege og kulturhistoriske fagfelt. Bremuseet syner samspelet i naturen og mellom natur og menneske - gjennom avansert filmteknikk, interaktive modellar og dine eigne eksperiment med ekte bre-is. Norsk Bremuseum er for det nyfikne mennesket.

www.bre.museum.no

imageresizer.jpg

Eikåsgalleriet
Målaren, grafikaren, teiknaren og skulptøren Ludvik Eikaas vart fødd i Jølster i 1920, men flytta i ung alder til Oslo, der han framleis bur.
Han er m.a. kjend som ein av dei første som laga non-figurativ kunst i Noreg. Han er og kjend for sine mange portrett og sjølvportrett.

www.sfk.museum.no


Den norske bokby
Bokbyen i Mundal i Fjærland vart grunnlagd i 1995, og har no ei bokmengd på ca. 250 000 bøker til sals i eit titals utsal av ymse storleikar og opphav: ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale

www.bokbyen.no

ostruptunet.png

Astruptunet
Astruptunet, heimen til kunstaren Nikolai Astrup. Tunet ligg ved Sandal på sørsida av Jølstravatnet i Jølster kommune

www.sfk.museum.no

Jølster Rafting
Rafting i ei av skandinavias beste raftingelver, Jølstra. Jølster Rafting tilbyr også andre aktivitetar.

www.jolster-rafting.no


Reisemål Sunnfjord
Samlar alt reiselivet i regionen. Her finn du informasjon om aktivitetar og kultur i heile Sunnfjord.

www.sunnfjord.no