Overnatting

Lunde Turiststasjon ligg midt i Sogn og Fjordane i Jølster kommune.
Lunde ligg mellom mektige fjell og under ein arm av Jostedalsbreen, Lundebreen.
Å overnatte hjå oss på Lunde vil vere eit godt utgangspunkt for aurefiske i Jølstravatnet, turar i nærområdet og å besøke dei ulike musea og galleria i Jølster; Astruptunet, Eikåsgalleriet, Jølstramuseet. Du kan i tillegg nå store delar av fylket på ein dagstur, til dømes Flåm, Nigardsbreen, Briksdalsbreen, samt Geiranger i Møre og Romsdal.