Snøforholda i Lundeskaret

Vi tok oss.ein tur inn i Lundebotnen den 13 mai i 22- tida for og sjå korleis det ser ut med tanke påtsnø i Lundeskaret. Vi har allereie fått ein del spørsmål om korleis det er å gå opp no.,

Som de ser av bilete, så ligg det framleis mykje snø i renna. Dette er ikkje uvanleg på denne tida av året, og det krev sjølvsagt både isøks, tau og stegjern for å krysse fonna. Det ligg også framleis igjen mykje snø oppe i steintrappene og i fjellet ovanfor, og sistnemnde snø vil sannsynlegvis rase ned i jølet ovanfor Storalteret og gå heilt ned forbi Skarholten.

Vi vil på det sterkaste rå folk i frå å gå Lundeskaret før snøen oppe på sidene har smelta vekk. Det ligg også snø igjen på venstre side som kan rase ned endå høgare oppe. Det er Ikkje vits i å ta nokon sjanse Det er betre og vente nokre dager eller veker! Sommaren er lang og vi vonar det vert mange fine turar opp Lundeskaret i år òg

Lundeskaret i Jølster 2021 med utsikt ut Kjøsnesfjorden

Lundeskaret i Jølster 2021 med utsikt ut Kjøsnesfjorden

Eit inspirerande besøk!

Ein hektisk sommar og haustsesong har gått over til minusgrader og meir sporadisk besøk frå omverda her på Lunde Turiststasjon.

Snøen har kome nærmare og det er snart klart for toppturar til dei majestetiske fjella som omkransar bygda vår. Dei mest entusiastiske har allereie testa føreforholda og ein får stadige rapportar om at det er gode forhold berre ein kjem høgt nok.

Dette er slik vi er blitt vande med dei seinare åra, toppturar på telemark og randonnè har nærast eksplodert, og sosiale media flaumer over av bilete og film frå slike turar.

Lars og Maria framfor Lunde Turiststasjon Foto: Atle Lunde

Lars og Maria framfor Lunde Turiststasjon Foto: Atle Lunde

Men det finst òg andre moglegheiter i den nordiske vintertida!
Førre helg hadde vi gleda av å få besøk av eit par frå Sverige, Lars Petterson og Maria Lindquist. Dei hadde vore her for eit par år sidan, og det gav meirsmak for ein ny tur.

Det er islagde vatn og sjø som freistar, jau visst har dei slikt i Sverige òg, men kombinasjonen med landskapet i Noreg gjer opplevinga så spesiell, kan dei fortelje.

Lars i fint driv framfor Austerdalsbreen Foto: Lars/ Marie

Lars i fint driv framfor Austerdalsbreen Foto: Lars/ Marie

Vi forstod raskt at dette er noko dei har greie på, og har stor erfaring med. Det å ferdast på islagde vatn, og då gjerne rimeleg nylagd is krev mykje kunnskap og planlegging. Dette er det ingen tvil om at dei har, og dei bruker fritida si til å reise rundt å skøyte når forholda er gode. Filmar frå dei flotte turane blir lagt ut på youtube, slik at folk kan sjå kor fantastisk det kan vere ein helt vanleg dag, berre du har ein blank is og nyslipte skøyter!

Det er veldig inspirerande å få møte slike folk som ser mogelegheiter i ting vi tek for gitt, og som vi ikkje tenkjer over at kan vere av så stor interesse.

Stålis på Sandalsvatnet i Breim Foto: Lars/Marie

Stålis på Sandalsvatnet i Breim Foto: Lars/Marie

Dei er medlemmer i Göteborgs Långfärdsskridskoklubb og Friluftsfrämjandet i Strömstad/Tanum, der dei i lag med andre skøyte-entusiastar finn fram skøytene så snart isen vert trygg. Dei har i fleire år reist rundt i Norge og oppsøkt vatn som til dømes Styggevatnet i Jostedalen, Lustrafjorden, Fleire vatn i Jotunheimen, Hardangervidda, Sandalen i Breim og mange fleire.

Interesse for turskøyting er aukande i Noreg, forteller Maria, fleire klubber og foreninger vert danna og dei melder seg inn i Skridskonätet, ein svensk idealistisk foreining der dei tilslutta foreiningane deler informasjon om isforhold. Denne organisasjonen arrangerer iskongress anna kvart år og i 2019 vil den bli arrangert i Noreg, nærare bestemt Sørmarka syd for Oslo. 
På sommaren reiser dei rundt og padlar på desse vatna og legg planar for korleis dei skal få gått på skøyter når isforholda er gode. Då bruker dei gjerne internett og undersøker satellitt-bilete slik at dei ser når tid isen har lagt seg. Sikkerheita er veldig viktig fortel dei, det er alltid minst 2 i lag, piggstavar vert brukt for å sjekke isen jamnleg, ispiggar og kasteline er sjølvsagt utstyr samt turre kleder om uhellet skulle vere ute.

Sjøis i Bygstad, Kvamshesten speglar seg i isen. Foto: Lars/Marie

Sjøis i Bygstad, Kvamshesten speglar seg i isen. Foto: Lars/Marie

Dei kom frå blank stålis på Hafslovatnet til oss. Laurdagen var det sjøisen i Bygstad som blei testa og sundagen, Storevatnet i Gjengedalen. Etter filmane og bileta å dømme, var forholda upåklageleg alle plassane.
Ein av draumane deira er å få gå på Kjøsnesfjorden, og det vonar vi dei får oppleve. Vi skal i alle fall gje melding til Sverige så snart det vert gode forhold. Om det vert i år, neste år eller lenger til, veit vi ikkje, men vi har slipt skøytene våre og er klare når dagen kjem!

På Storevatnet i Hyen fann dei draumeforhold. Foto: Lars/Marie

På Storevatnet i Hyen fann dei draumeforhold. Foto: Lars/Marie

Sommarskihopping i Kjøsnesfjorden i Jølster

Den årlege tradisjonen med skihopping i Kjøsnesfjorden i Jølster vert arrangert 25. august 2018 kl. 16.00 på Sægrov. Det er Skifantomet som er arrangør og det vert garantert mange spektakulære svev!

Olav Sægrov er klar for spektakulære svev, er du?

Olav Sægrov er klar for spektakulære svev, er du?

Vi på Lunde Turiststasjon var tilstades under prøvehoppinga på laurdag og kan garantere at det vert god fart i ovarennet og utsikter for mykje god hopping den 25. august.

Her er det berre å møte opp og ta gjerne med ski, for dette arrangementet er gratis og alle som har lyst å prøve bakken er velkomne! Om du heller ynskjer å vere tilskodar og få deg ein god latter, er du like velkomen for det:-)

Arrangøren seier at det vert sett opp telt og at det vert høve til å kjøpe pølser og kaffi! Vel Møtt!

For mei info: https://skifantomet.wordpress.com/skihopping-pa-jolstravatnet-2010/

Vi legg med nokre bilete frå tidlegare arrangement!

Lundeskaret- den klassiske fjellturen i Jølster!

Vi på Lunde Turiststasjon er oppvaksne med historiene og naturen i Lundeskaret. Difor betyr også plassen og fjella rundt oss her i Kjøsnesfjorden mykje for oss. Oldefaren til Atle starta opp med breføring på 1800- talet og sidan har Lunde Turiststasjon vore eit naturleg utgangspunkt og endepunkt for dei som går over breen.

Utsikt mot Lundeskaret og Kjøsnesfjorden i Jølster.

Utsikt mot Lundeskaret og Kjøsnesfjorden i Jølster.

Tidene har forandra seg og vegen til Fjærland blei ferdig i 1986. Då vart startpunktet på turen flytta inn ved opninga av Fjærlandstunnelen.
Vi tok ein tur opp Lundeskaret sist veke og ynskjer her å vise nokre bilete frå denne turen, og fortelje litt om stien, som no er fri for snø og is.

Vegen startar på venstre side av Fjærlandstunnelen

Vegen startar på venstre side av Fjærlandstunnelen

" Oppstigninga fra Lunde virker uframkommelig når man ser den nedenfra, men stien er trygg nok, selv om den slynger seg langs stup og under truende hamrer" Norvald Tveit, Vi Menn i 1961

"Skarholten"

"Skarholten"

Bilete over er tatt frå "Skarholten", her må ein krysse gjølet og fortsetje på høgre sida. Fonna ligg som oftast her til ut Juni månad, då bør ein ha isøks om ein vil krysse. Mange har prøvd å forsetje rett opp utan å krysse, det har sjeldan eller aldri vore velukka!

Lundeskaret.

Lundeskaret.

Dette bilete er tatt der vi seier at "vi går ut i fjellet". Her startar det brattaste partiet på turen, der ein går i nokre skårer i fjellet. Det er godt sikra og bygd god sti i dette partiet. Utsikta er fantastisk mot Lundebreen og lenger nede ser ein "storalteret" til venstre og "Lisjealteret" nede ved fonna i gjølet.

Steintrapp

Steintrapp

"veien snor seg i slynger oppover, forbi framspring og langs trange, bratte kløfter hvor man med statens bistand har laget trappetrinn. På de verste stedene er det lagt løypestreng til å holde seg i." Norvald Tveit, Vi Menn 1961

I 1906 ga turistforeningen midlar til å ruste opp det som enno er Norges brattaste merka DNT- sti. Denne steintrappa blei då bygd. I 2015 og 2016 har Sherpaer frå Nepal jobba med å utbetre og vedlikehalde stien. Løypestrengen er stort sett bytta ut med tjukk wire. Dette arbeidet er no avsluttet og stien er betre enn nokon gong.

Utsikten frå toppen.

Utsikten frå toppen.

Utsikten frå toppen er upåklageleg, men han freistar nok ikkje dei med høgdeskrekk til å starte på nedstigninga. Då er alternativet å gå til Fjærland, Søgnesand eller Haukedalen. 

Sprek gjeng på kveldstur.

Sprek gjeng på kveldstur.

Då vi skulle gå ned igjen Lundeskaret, trefte vi på denne spreke gjengen. Dei hadde tatt seg ein tur opp etter arbeidstid, og ville vidare innover fjellet for å nyte denne flotte sommarkvelden.

DNT har òg i år fellesturar opp Lundeskaret.
Laurdag 11.august går dei turen Lunde - Fjærland, og sundag 19.august går Barnas Turlag opp Lundeskaret.

Så vi vonar at fleire ynskjer å gå opp Lundeskaret i sommar. Det er ein fin tur, men vi anbefalar å gå når det er opphaldsvær. Det er også lurt å ha gode sko og klebyte med seg, då veret kan skifte fort og toppen av Lundeskaret ligg på nærare 1000 moh.

 God tur!

Oterfiske i Kjøsnesfjorden, Jølster

Dei siste åra har denne kameratgjengen vore faste gjestar hjå oss. Dette er dyktige fiskarar som set pris på eit godt aurevatn og nydeleg natur.

Denne veka brukte dei for det meste oterfjøla når dei fiska ut i dei seine kveldstimane, og fangsten stod til forventningane. Det vart rapportert om mykje fisk og med veldig bra størrelse. Vi kan med sikkerheit seie at otersesongen i Kjøsnesfjorden har begynt!

Her hjå oss kan alle få leige båt, om de bur her, eller berre vil ha ein fin kveld på "fjorden".
Det er tillete med oterfiske i Jølstravatnet frå 1.juni til 10. august. 

Velkommen skal de vere!

Her er fiskarane komne i land etter ei god kveldsøkt og held på med sløying av dagens fangst.

Her er fiskarane komne i land etter ei god kveldsøkt og held på med sløying av dagens fangst.

Ta kontakt på lunde@turiststasjon.no om de ynskjer å leige båt!

Utleige av kajakk, båt og kano.

 

Vi har 2 kajakkar, 2 båtar og 1 kano til utleige. Det er no meldt godt ver den neste veka og det vil vere nydelege forhold for padling i Kjøsnesfjorden.

Den kjensla det er å gli lydlaust avstad langs strendene inst i Kjøsnesfjorden let seg ikkje beskrive med ord, det må opplevast. Du vil garantert få sjå Jølstraaure som vakar og er du ute ein sommarkveld er sjansen for å sjå hjort også stor. Dei beitar i frodige lier langs fjorden og held eit vakent blikk mot alt som rører seg i terrenget rundt.

Padler Web signert.jpg

Dei to kajakkane vi har, er av merke SeaBird og heiter "Ranchero" Dette er beskrivelsen av dei:

"Ranchero 12 er en innovativ ny all-round hybridkajakk som kombinerer fordelene fra sit-in og sit-on-top kajakker. Den ekstremt store og romslige cockpit-åpningen, kombinert med et svært komfortabelt sete, tilbyr ekstremt komfortable padleturer. Den kompakte størrelsen med stor lagringsplass og god manøvrerbarhet gjør Ranchero 12 til et morsomt valg for kystpadling, fiske og innlandspadling. Ranchero 12 er i tillegg en ekstremt stødig kajakk. Alle kan padle denne kajakken!"

Kanoen er norskprodusert av merke "Hasle" og har plass til 3 personer.

Ta kontakt for leige/ spørsmål om kajakk, båt og kano: lunde@turiststasjon.no

 

Flugefiske i Kjøsnesfjorden

Bjarne Huseklepp svingar flugestanga i Lundeelva 18/6 2018.
Kjøsnesfjorden er ei oppleving med eller utan fiskestong, i sol eller på ein litt regntung kveld. Lyset og fargane skiftar, men dei høge fjella står der majestetisk og omkransar bregrønt vatn.

Fiske i Jølster

No nærmar det seg tida for flugefiske, vi har framleis ledige hytter i sommar. Ta kontakt på epost lunde@turiststasjon.no

Fiskefeber i Jølster!

Det nærmar seg årets aurefiskefest i Jølster! Lunde Turiststasjon har framleis ledig overnatting. Då vi tok oss ein tur rundt Kjøsnesfjorden for eit par dagar sidan, var det mykje folk ute og testa fiskelukka, og for å prøve ut ulike slukar og krokar. Fisken var villeg til å bite og fleire flotte jølstraaurer fann vegen til ei fresande steikepanne denne flotte sommarkvelden.

Denne karen sto ved Lundeelva inst i Kjøsnesfjorden og drog på land fleire blanke, flotte aurer på den korte stunda vi var der. Det er gode vermeldingar for helga og vi oppfordrar folk til å ta turen til Jølster og delta på årets fiskefest.  Kanskje vinn akkurat du hovudpremien og kan køyre ein ny Volvo heim igjen!

Bilen er klar - er du?

JØLSTER AUREFEST

Ei av årets store hendingar, Jølster Aurefest, går av stabelen 10. - 12. juni.
Fiskekonkurransen er laurdag 11. juni og påmeldinga er allereie starta, sjå www.jolsteraurefest.no
Vi har framleis ledig overnatting i fleire kategoriar, rom, hytter og leilegheiter. 

Hjå oss får du god og rimeleg overnatting i storslått natur, med Lundebreen i aust og omkransa av mektige fjell. Ein liten spasertur unna ligg Kjøsnesfjorden, der du kan teste fiskelykka slik at du er heilt klar når konkurransen tek til. Vi leiger òg ut båt m/u motor.

Ta kontakt på tlf. 41 55 33 35 eller lunde@turiststasjon.no.

DANSEGALLA - TILBOD

Det nærmar seg pinse og årets Dansegalla på Fjøsen på Skei.
Vi har eit knalltilbod på overnatting 3 døgn i dobbeltrom:    Kr.  1.600,-  (fredag 13. - mandag 16.mai)

Tilbodet inkluderer:
Overnatting for 2 personar i dobbeltrom i 3 døgn.
Rommet har eige bad med WC/ dusj, og tilgang til eit godt utstyrt felleskjøkken der du kan tilberede måltid.
Gratis 1 time i utandørs massasjebad for 2 personar.
Det er gratis WiFi.

Tilbodet kan berre bestillast på tlf 41 55 33 35 eller på epost til lunde@turiststasjon.no
Få rom tilgjengeleg - så ver rask!